Good news everyone! Vi har fått prosjektoppgåve i Professional Engineering no. Oppgåva går ut på å byggje noko som kan flytte ein liten ball først over ein distanse på 3-5 meter (fortsatt udefinert akkurat kor langt det er), over ein vegg på 0,4 meter, og opp i ein kopp som står 0,5 meter bak veggen igjen. Og einaste framdrifta vi får bruke er elastisk (type gummistrikkar og fjører), samt tyngdekraft. Dette kan bli veldig interessant!
Uansett, for å få litt input på problemløysing, slo eg opp i den store fantastiske boka "Engineering your future". Og fant mellom anna ut at for å løyse eit problem må du føle empati med det. Korleis føler framkostmiddelet seg når det blir kræsja inn i ein vegg? Får det vondt? Blir det såra? I det store og det heile hjalp ikkje dette spesielt mykje. I staden tenkte eg "kva ville professor Farnsworth gjort?". Og kom på at atomreaktormotor ikkje er lov. Men artig er det likevel.
Heimelekse: Sjå meir på Futurama!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar