Sydney skyline sett frå taket av International house. Som de ser, er det ikkje langt frå sentrum i det heile tatt.
Dette er mest for å utsetje arbeid eg burde gjere. Eller ikkje, eg kan jo alltids gjere det i morgon, eller i overimorgon, eller seinare... Ahh, eg trur aldri eg kjem til å lære dette. For å sitere Douglas Adams, "I love deadlines. I like the whooshing sound they make as they fly by." Og når eg først er inne på Douglas Adams, her er kva han meiner om Australia. Interessant lesing.
Ah, sjølv om eg snart har assignments opp til øyrene er livet tross alt ganske herleg!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar