tirsdag 8. mars 2011

Studentliv

Eg får litt tendensar til aha-opplevingar innimellom. Det er utruleg stor forskjell på livet mitt no, og korleis det var for nokre månader sidan. Det heilt opplagte er jo at eg befinn meg på andre sida av jordkloden. Men det som kjennest mest er skilnaden mellom å jobbe og å studere. Med over 20 timar lectures og tutorials i veka har eg meir enn nok å gjere. For i tillegg til dette kjem heimearbeid og lekser. Noko eg ikkje har gjort sidan... hmm... meir eller mindre aldri. Og då er det ikkje så greit å skulle disponere tida. Dessutan bur eg jo i eit residential college, så det er mange folk rundt meg heile tida. Det betyr alt i alt at det er lett å falle for freistinga å "berre skulle prate litt", når eg eigentleg skulle gjere matteoppgåver eller lesa opp før ein tutorial. Eg er ikkje så flink med denne prioriteringa... enno! Men det store målet er jo å gjere desse prioriteringane riktig, slik at ikkje alt arbeidet hopar seg opp mot den store stygge deadlinen kalt eksamen. Dessutan er det masse assignments før den tid.

Ein annan stor plan er å kome i gang med skikkeleg trening. Australia har til dei grader gjort meg lat, og det kjennest ikkje spesielt bra ut. Eg har dessutan ordna medlemskap på treningsenteret på campus, så det er berre å byrje. Når eg har fått kjøpt treningssko... I morgon kanskje...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar