fredag 25. februar 2011

O-week

The quad, med forskjellige bodar for O-week framfor.
Då var orientation week, eller O-week som den blir kalla, snart over, og det har absolutt vore ei artig veke!

Av dei tinga som har foregått har eg vore med på offisiell velkomst ved universitetet, samt litt forskjellige infosessions, speed-friend-making ved International house, Amazing race rundt Sydney og blitt med i eit par klubbar ved universitetet. Mellom anna har eg meldt meg inn i Chocsoc (chocolate society) og Bushwalking Society. Trur det blir spesielt kjekt å få kome litt ut på tur, og sett litt anna av Australia enn kun Sydney. Sjølv om det er ein veldig fin by.

Amazing race var også utruleg artig. Det er ein konkurranse der dei forskjellige laga følger leietrådar frå stad til stad i byen, og samtidig gjer forskjellige oppgåver undervegs. For eksempel ta bilde av forskjellige ting, som ein person med uggs på, ein lobster osb, hente katalogar frå ymse butikkar, mellom anna. Laget mitt kom på tredjeplass av fem lag, men det var fortsatt utruleg artig. Og ein fin måte å bli kjent med byen på.
Dessutan åt vi lunsj på "Pancake on the Rocks" etterpå. Dei har fantastiske pannekaker. Absolutt å anbefale! På kvelden var vi også og sjekka ut utelivet i Sydney, også veldig kjekt.

mandag 21. februar 2011

Coogee beach


Australia er mellom anna kjent for flotte strender og dette måtte jo testes ut. Difor vart ein formiddag i forrige veke tilbragt på Coogee beach (som kanskje ikkje er like kjent som Bondi, men fortsatt bra). I grunnen var det litt for varm for ein stakkars nordboer som meg, men fortsatt verdt å få med seg. Og fine bade-bølgjer gjorde seg absolutt.

For å vere litt etterpåklok har eg lova meg sjølv å bruke meir solkrem neste gong. Ryggen min er omtrent same farge som ein kokt lobster, sjølv med faktor 30. Visstnok er det eit hol i ozonlaget rett over Australia, så faktor 50 blir nok strand-normen frå no av.

Og det var ingen haiar i syne, berre bluebottle-manetar (ikkje dei livsfarlige, berre irriterande).

søndag 20. februar 2011

Då var eg i gang med blogg-dagbok!

Det har gått litt over ei veke sida eg landa i Sydney, og så langt står alt bra til!

For å oppsummere kort:
*Flyturen var lang (som i over eit døgn lang).
*Eg har møtt masse kjekke folk på International house, der eg bur.
*Sydney er ein veldig fin by.
*Det er varmt her, veldig veldig varmt. Eg saknar kuldegrader litt, men skal ikkje klage.
*Eg er tydeligvis allergisk mot mygg.
*Sydney Operahouse er like fint som på bileta.
*Det er ikkje kenguruar i gatene (berre så det er avklart)


Alt i alt trur eg at eg kjem til å trives godt her. Til veka er det orientation week, tilsvarande fadderveke, og måndagen etter byrjer studiene på ordentleg. Det skal bli godt å kome i gang, for no føler eg meg mest som ein turist. Bortsett frå at eg ikkje skal heim igjen på ti månader. Men det har ikkje heilt gått opp enno.