torsdag 28. april 2011

Påskeferie og roadtripping

Av merkelege årsaker er påskeferien her veka etter påske. Litt forvirrandes, og det tok litt tid før eg innsåg at ferien kom ei veke seinare enn normalt, men no som det først er ferie, nyt eg det stort.

Solnedgang over ein bomullsåker.


Første halvdel har gått med på å sjå litt meir av Australia. Det viser seg at "the aussie spirit" er ganske forskjellig frå kva ein opplever midt inne i bygryta i Sydney. Laurdag tok eg fly til Brisbane, og vart plukka opp på flyplassen med leiebil og heile pakka. Så satte eg, Hero og Espen kursen vestover, innover i landet. Nydeleg utsikt, åpne landskap og endelause highways venta på oss, medan vi køyrte lenger inn i "bogan country" (harry-land som eg ville sagt på godt norsk). Tydelege teikn på dette var roadtrains og truckies, 24hrs drive through bottle shops, og veg-kafear der ALT er frityrsteikt.  Vi køyrte heilt inn til Roma, ein liten by i vest-Queensland, omtrent på storleik med Fagernes. For å halde harry-faktoren oppe tilbrakte vi første dagen med å først sjå på drag-racing, og så på rodeo-show.
Appelsin og "kvikklunsj"

Dagen etter har eg kalt roo roadkill day. Vi køyrte vidare vestover, heilt inn til Charleville. Langs heile vegen låg det strødt med daude kenguruar og andre rotne dyr. Mellom anna eit villsvin. Dette var også andre påskedag, og for å få den skikkelege påskekjensla prøvde vi med appelsin og kitkat-sjokolade (neste kvikklunsj) på ein rasteplass. Absolutt godkjent, men ski og snø glimta med sitt fråver. Dette var også ANZAC day (ein slags memorial day for soldatar), så alt av butikkar var stengt. Litt trist, då Charleville var ein by som absolutt hadde vore interessant om alt var oppe. Denne dagen var det mest ein spøkelsesby.
Så langt vest var det også mogleg å sjå den karakeristiske raude sanda. Men det typiske ørkenlandskapet var forsvunne, sidan det faktisk hadde regna over normalt mykje veka før. Landskapet var difor spesielt grønt, og i grunnen veldig idyllisk. Mange kodak moments med andre ord! På veg tilbake til Roma fekk vi og sjå nokre levande ville kenguruar. Som turist var dette veldig eksotisk.

Dagen etter var køyredag, gjennom turist-badeplassen Noosa Heads, og attende til Brisbane. Etter ca 5 min på stranda i Noosa byrja det å hølje ned. I grunnen ganske ironisk, sidan dette er ein av dei mest kjende badeplassane på Sunshine coast. Men sånn er det no.
Siste dagen vart tilbrakt på Australian Zoo utanfor Brisbane. Dyrehagen er kanskje mest kjent på grunn av Steve Irwin, og krokodilleshowa dei har der, men det var og mykje anna spanande å sjå. I tillegg til dei typiske kenguruane og koalaane, hadde dei fleire typar leikne tigre, ei fantastisk slangeutstilling og masse fancy og fargerike fuglar. Diverre døydde kameraet mitt sånn halvvegs (kanskje eg lærer å ta med ekstra batteri no...) Absolutt og anbefale om nokon tilfeldigvis befinn seg i området.

Denne kenguruen veit å posere framfor kameraet!
Resten av semester break går nok med til oppgåveskriving, og å henge rundt på International House. Noko som ikkje byr meg i mot!

(På den litt meir deprimerande sida er det min andre haust på eit halvt år... Alle der heime, nyt dei lange kveldane og utepils!)

søndag 10. april 2011

Bushwalking

Etter to månader (i dag) i Australia, så har eg endeleg kome meg litt ut av Sydney. Turen gjekk til Bungonia, som er ca to timar køyring sørover, saman med Sydney Uni Bushwalker society. Vi var omlag 35 stykk med, så ei god gruppe! På laurdag gjekk turen stort sett nedover. Langt nedover, heilt ned til botnen av dalen, som viste seg å vere svært idyllisk. Biletet talar for seg! Vi fulgte elva eit stykke oppover før vi slo leir.
Deretter fulgte (nesten) obligatorisk bading i elva. Eg tippar det var rundt 16 grader, og dermed langt over krampegrensa. Det var fleire pingler som ikkje var einige i dette, og eg fekk fort stempelet "crazy norwegian". Noko som kanskje stemmer...
Kvelden gjekk med til leirbål, matlaging, konsumering av medbrakte alkohyler og stjernetitting. Det var fantastisk mange stjerner oppe, og mjølkevegen var godt synleg. Eg kjente ikkje igjen eit einaste stjerneteikn, men eg skulder det på at eg er på den sørlege halvkule, ikkje at eg i grunnen berre kan to stjerneteikn. (Jepp, orions belte og karlsvogna, og thats it!). Det var ein veldig stor kontrast til Sydney by, der ein faktisk ikkje kan sjå stjerner i det heile. Det er rett og slett for sterk belysning frå byen. Natta vart tilbrakt i telt, i soveposen min, som eg så fint har gitt namnet "comfort zone".
Syndag gjekk med på å klatre ut att av dalen. Dette vart gjort på ein relativt bratt rygg, med mange lause, glatte steinar. Til tider tøff klyving, men med utsikta vart det absolutt verdt det. Det einaste å klage på var vel i grunnen regnveret på syndagen, men det finst jo ikkje dårleg ver...

Diverre var det dårleg med dyreliv å sjå, utanom edderkoppar. Store edderkoppar som likar byggje nett over stien, slik at dei kan fange uvitande turgåarar. Og eit par wombat-hol. Og ein kenguru-roadkill, som hadde liggje der litt for lenge. Ikkje akkurat eit lekkert syn, men det første beviset eg har sett på at det faktisk finst kenguruar her.

No er eg vel tilbake i byen, og realiteten, hvilket betyr at eg burde (og skal!) vere flink og lese!