Ein ting eg syns er rart, det er teppegolv over alt. Til og med inne på treningssenteret. Kva er greia? Det kan jo ikkje vere enklare å halde reint, eller betre på, vel, nokon som helst måte...?
Denne veka har gått veldig fort, med skulearbeid som ballar på seg, og ellers nok å gjere utanom. Fredag var eg med ein gjeng frå IH på ekspedisjon i Sydney park på kvelden, og sprang rundt, prøvde alle klatrestativ og sklier og alt mogleg. Veldig veldig gøy :)
Også har eg vore forkjøla i over ei veke no. Noko som er om lag ei veke for lenge. Satsar på at det blir betre i løpet av neste veke, viss ikkje trur eg at eg går på veggen.
God (snart) måndag då folk!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar