Okey, det har vore labert med nasjonaldagsfeiring her i garden. Men uansett, GRATULERE MED DAGEN alle samen! Sånn!
Eg er litt treig på å oppdatere her merker eg. Det har nok litt med at alt byrjar å bli rutine, og difor ikkje så interessant å dele (jau, eg veit andre folk klarer å halde ein interessant blogg om kva dei et til frukost, men eg er ikkje heilt der enno).
Det som derimot har hendt, er International food fair! Team Scandinavia slo til med både sild og moltekrem (sistnemde slo nok best an). Dessutan hadde vi pynta med heimelaga troll og (noko som likna på) granbar. Mesteparten av innhandlinga vart gjort på IKEA. Det blir nok fleire turar dit, mest fordi dei har akseptabelt godt moltesyltetøy. Også klarte vi å oppdrive brunost frå Tine på ein organisk matbutikk rett i nabolaget. No veit eg kva eg skal gjere når heimlengselen er som verst.
Ein annan ting som er litt rart, er at det er berre ein månad att til første semester er over. Den siste eksamenen min er 17. juni, etter det ventar 5 veker vinter/sommar-ferie (alt ettersom). Med den arbeidsmengda det har vore i det siste (her kjem unnskuldningane for å vere lat med å oppdatere), så skal det bli heilt herleg å ikkje ha deadlines i hytt og pine.
Alle der heime må nyte dei lange sommarnettene (som eg saknar veldig veldig, mørkt 18:00 er ikkje så kult). Og ha ein strålande nasjonaldag!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar